Veke 41: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 10.10.23 – 17.10.23

  • 18:00 – 19:00 Tysdag deltok innsatsleiarane og utrykkingsleiarane i Ørsta på webinar om sikkert arbeid på veg og medmenneskelege faktorar før, under og etter psykisk belastande hendingar. Eit særs viktig tema for å kunne førebygge, førebu seg og oppdage PTSD.
  • 12:15 Torsdag rykte brannkonstablane på Sæbø til eit akuttoppdrag.
  • 13:05 Torsdag rykte vaktlag 1 ut for å sikre lause plater på eit tak i Ørsta sentrum.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av brann i driftsbygning og sikker oppsetting og sikring av stige. Ved ein brann i ei driftsbygning vil det vere mange faktorar som påverkar korleis brannpersonellet angrip brannen. Dyr, kompliserte konstruksjonar, maskiner, uforutsigbare planløysingar, farlege stoff, m.m.
  • 19:20 Laurdag rykte vaktlag 2 ut til vatn i kjellar på privat bustad i Ørsta. Det var lagt inn lensepumpe i kjellaren. Drenskum var gravd fram og lensing var også starta i denne.
  • 08:45 Søndag morgon rykte vaktlag 2 ut til trafikkulykke ved Eiksundtunnelen. Bil med båthengar hadde mista veggrepet og kollidert. Brannkonstablane sikra bilen mot brann, rydda vegbana og slepte båthengaren ut av vegbana med vinsj.