Veke 40: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 03.10.23 – 10.10.23

  • 14:00 – 16:00 Tysdag hadde brannkonstablane på Øye gjennomgang og øvde på bruk av utstyret på brannbilen.  Som deltidskonstabel er du kun på brannstasjonen under hendingar og øvingar. På den måten har du ikkje moglegheita i det daglege til å sjåover utstyr og teste det.
  • Heile Torsdagen var naudetatane samla for øving på pågåande livstrugande vald (PLIVO). Det var fokus på sikker tilkomst, søking av område og samspelet mellom og innad i dei ulike etatane.
  • 18:00 – 20:00 torsdag øvde brannkonstablane på Vartdal på pipebrann. Fokuset for øvinga var sikker oppsetting og sikring av stige som tilkomst til røykkanalen på tak.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av brann i driftsbygning og sikker oppsetting og sikring av stige. Ved ein brann i ei driftsbygning vil det vere mange faktorar som påverkar korleis brannpersonellet angrip brannen. Dyr, kompliserte konstruksjonar, maskiner, uforutsigbare planløysingar, farlege stoff, m.m.