Veke 36: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 05.09.23 – 12.09.23

  • 10:50 Tysdag rykte vaktlag 4 ut til trafikkulykke i Åmdalen. Einsleg bil hadde køyrt av vegen og kollidert i grøfta. Brannvesenet dirigerte trafikk og sikra køyretøyet. Det var også sjekka ekstra for lekkasje, sidan bilen låg over ein bekk. Vegbana var rydda og trafikken opna.
  • Tysdag 18:00 – 20:00 øvde brannkonstablane på Sæbø på røykdykking og vassforsyning på Sæbø skule og barnehage. Senariet var 14 sakna personar i bygget. Røykdykkarane søkte gjennom bygget med teipa maske medan sjåførane øvde på vassforsyning og bruk av pumpe.
  • 18:00 – 20:00 Onsdag  øvde vaktlag 3 og 4 på elveredning. . Ved hendingar i vatn vert brannvesenet utkalla og må då ha kunnskap og utstyr for å hente personar og dyr opp frå vatn. Senariet for øvinga var person hadde fått foten fast i elva midt i ein foss. Oppgåva var å ta seg ut til vedkomande med båt og hente personen opp av vatnet. For å styre båten var det plassert ein overflatereddar på kvar side av elva som styrte båten med tau. Fokus for øvinga var eigentryggleik og sikker uthenting.
  • 18:00 – 20:00 Torsdag øvde brannkonstablane på Vartdal på røykdykking på Vartdal helsetun. Senariet var røykutvikling i leiligheit i underetasjen, to bebuarar og moglegens ein på besøk.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt runde på brannhydrantar og kummar. Desse her hovudtilgangen brannvesenet har på vatn, det er derfor viktig at vi har gjennomgang av dei ulike typane og tek ei runde og kontrollar at dei fungerar.
  • 11:38 Søndag rykte Vaktlag 1 ut til automatisk brannalarm frå institusjon i Ørsta. På staden var der mykje røyk. Det kom raskt fram at det gjaldt svidd popkorn i leiligheit. Brannkonstablane bistod med utlufting og tilbakestilling.