Veke 34: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 22.08.23 – 29.08.23

  • 13:14 Tysdag rykte vaktlag 2 ut til branntilløp i buss i Eiksundsambandet. Ved framkomst vart det klart at viftene gikk og at røyken gjekk mot Eiksund. Vaktlaget var sendt inn på Ørstasida for å gå i innsats. Etter å ha køyrd gjennom tunnellen utan funn av buss var det køyrt retur for å sjå om det var anna som fororsaka røyken. Etter litt kom det fram at bussen hadde komt seg opp og ut av tunellen på Eiksund utan at nokon hadde sett det.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt runde på brannhydrantar og kummar. Desse her hovudtilgangen brannvesenet har på vatn, det er derfor viktig at vi har gjennomgang av dei ulike typane og tek ei runde og kontrollerar at dei fungerar.
  • 11:30 Søndag rykte ØBR ut med drone og kjentmann til leiteaksjon i Norangsdalen. Det var oppretta komandoplass i bygg ved brannstasjonen og dei første leitemannskapa var sendt av gåre. Brann bistod med dronesøk i nedre del av fjellet som var utgangspunkt for leiteaksjonen.  Seint søndag kveld gjorde NARG funn av person i fjellet og leiteaksjonen var avslutta.