Veke 32: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 08.08.23 – 15.08.23

  • 17:00 – 19:00 øvde vaktlag 4 på stigebil i området Bygg 1. Øvinga hadde fokus på optinal parkering for å nå dei områda ein ønska, samt bruk av dei ulike funksjonane til stigen.
  • 14:22 Fredag rykte vaktlag 1 ut til brann i bygning i Haraldsgata i Ørsta. Framme på staden kom det fram at det gjaldt brann i eit utvendig koplingsskap. Nettselskapet tok straumen og brannen avtok. Skap gått over med varmekamer. Nettselskap tok over skadestad, brann returnerte.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt vifte og ventilering. Ved ein bygningsbrann vil det samlast ein del røyk i bygget og gjere det vanskeleg å ta seg fram inne, samt vere skadeleg for dei som er i bygget. Samtidig vil brannrøyken kunne nå ei tettheit og ein temperatur som gjer at den sjølvantenner og skapar ei eksplosiv utvikling ved å tilføre oksygen. Ved brann har vi derfor fokus på å ventilere ut røyken på ein forsvarleg måte, slik at ein forbetrar arbeidsmiljøet for brannvesenet og samtidig ikkje gjer at brannen eskalerar.
  • 00:07 Natt til Søndag gikk det full alarm til Ørsta brannstasjon om bygningsbrann. Ved framkomst var bygget overtent og viste seg at personen i bygget hadde berga seg ut. Det kom samtidig fram at det var svært kort avstand til to nabobygg. Kun 2,5 m til næraste nabobustad. Brannkonstablar frå Ørsta, Vartdal og Sæbø gjorde ein god innsats og fekk hindra brannen i å spre seg og sløkt brannen i bustaden. Det var ut over Søndagen køyrt jamleg kontroll for å sikre mot gjennoppblussing.
  • 02:48 Natt til Søndag, midt under brannen, rykte ØBR ut med drone til nabokommune for å bistå politiet med drone. Når dronepilot var komen halvegs fram var det gjort funn og brann fikk returordre.