Veke 31: Nytt frå brannvakta

Brann- og redningsloggen 01.08.23 – 08.08.23

  • 15:30 – 17:00 Onsdag øvde vaktlag 3 på stigebil i området Ørsta ungdomsskule/ Ørstahallen. Øvinga hadde fokus på optinal parkering for å nå dei områda ein ønska, samt bruk av dei ulike funksjonane til stigen.
  • 17:32 Onsdag rykte brannkonstablane på Vartdal ut til trafikkulykke rett før Barstadvika. Einsleg bil hadde køyrt av vegen og havna på sida i grøfta. Brannkonstablane stoppa trafikken, tok hand om dei forulykka og sikra køyretøyet. Etter at Politiet hadde gjort sitt vart vegbane rydda. 
  • 09:21 Torsdag rykte vaktlag 3 ut til brann i bygning i Ørsta sentrum. På staden var det mykje røyk i lokalet. Det var raskt avklart at dei som var i bygget hadde sløkt brann frå ein frittståande varmeovn med eit CO2 apparat. Røykdykkarar var sent inn for å hente ut ovnen og ta ei vurdering av tiltak. Ovnen var henta ut og det var starta ventilering av røyk. Dei to som var i lokalet ved brannen var sjekka ut av ambulansen.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt vifte og ventilering. Ved ein bygningsbrann vil det samlast ein del røyk i bygget og gjere det vanskeleg å ta seg fram inne, samt vere skadeleg for dei som er i bygget. Samtidig vil brannrøyken kunne nå ei tettheit og ein temperatur som gjer at den sjølvantenner og skapar ei eksplosiv utvikling ved å tilføre oksygen. Ved brann har vi derfor fokus på å ventilere ut røyken på ein forsvarleg måte, slik at ein forbetrar arbeidsmiljøet for brannvesenet og samtidig ikkje gjer at brannen eskalerar.
  • 12:20  Laurdag rykte vaktlag 4 ut til utløyst røykvarslar i barnehage i Ørsta. Røykdykkarar gjekk gjennom bygget utan å finne nokon opanbar orsak. Utløyst varslar var lokalisert, men ingen opanbar orsak. Alarmen var tilbakestilt og brannvesenet returnerte.