Veke 30: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 25.07.23 – 01.08.23

  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt vifte og ventilering. Ved ein bygningsbrann vil det samlast ein del røyk i bygget og gjere det vanskeleg å ta seg fram inne, samt vere skadeleg for dei som er i bygget. Samtidig vil brannrøyken kunne nå ei tettheit og ein temperatur som gjer at den sjølvantenner og skapar ei eksplosiv utvikling ved å tilføre oksygen. Ved brann har vi derfor fokus på å ventilere ut røyken på ein forsvarleg måte, slik at ein forbetrar arbeidsmiljøet for brannvesenet og samtidig ikkje gjer at brannen eskalerar.
  • 14:04 Søndag rykte brannkonstablane på Sæbø ut til fastkøyrd rullestol på Sæbø. Ein 250kg rullestol kom seg ikkje laus. Brannkonstablane fikk henta anna rullestol på Hjørundfjordheimen til å få forulukka opp bakken og fikk løfta den tunge rullestolen opp på fast underlag.