Veke 29: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 18.07.23 – 25.07.23

  • 12:11 Onsdag rykte brannkonstablane på Sæbø ut til utforkøyring i Bondalen.  Brannvesenet tok seg av den forulykka og sikra køyretøyet. Forulyka sjekka ut av ambulansen.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving med stigebilen. Brannvesenet er ute på mange oppdrag der ein er avhengig av å komme til på vanskelege stadar på ein trygg måte. Enten det er for å hente person opp frå sjøen, eit barn ned frå eit tred, komme til frå utsida på ei høgblokk eller for å skjære hål i ein takkonstruksjon for å ventilere røykgassar ved ein husbrann. Då er det svært godt å ha ein trygg platform å stå i eller sikre seg til om det ein står på skulle kollapse.