Veke 28: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 11.07.23 – 18.07.23

  • 16:00 – 18:00 Onsdag øvde vaktlag 1 og 4 på pumpekøyring. Det var pumpa vatn frå Vikeelva oppe ved fonnvernet. Dei nytta tre pumper i serie og 400 m slange. Brannkonstablane måtte rekne ut kvar pumpene skulle stå ut frå trykktapet frå friksjon og høgdeforskjellen.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av pumper.
  • 18:50 Fredag rykte innsatsleiarvakta ut til automatisk alarm frå privatbustad i Hovdebygda. På staden kom det raskt fram at alarmen skuldast brann i to skiver i ein brøristar. Brannen var sløkt når brann kom til staden. Lufta ut, alarm tilbakestilt og roa bebuar.
  • 01:58 Måndag rykte brannvesenet på Vartdal brannstasjon ut til automatisk brannalarm frå verksemd på Vartdal. Utløyst meldar var lokalisert og utsjekka med varmekamera. Søkt gjennom utan å finne  nokon konkret orsak. Anlegg tilbakestilt og brann returnetr til stasjon.