Veke 27: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 04.07.23 – 11.07.23

  • 16:00 – 18:00 Onsdag øvde vaktlag 3 på pumpekøyring. Det var pumpa vatn frå Vikeelva nedst ved kirkjegarden og opp til Håkonsgata. Dei nytta tre pumper i serie og 400 m slange. Brannkonstablane måtte rekne ut kvar pumpene skulle stå ut frå trykktapet frå friksjon og høgdeforskjellen.
  • 09:44 Torsdag rykte brannvesenet på Sæbø brannstasjon ut til trafikkulykke i Bondalen. Einsleg bil av vegen og på taket. Brann dirigerte trafikk, sikra køyretøyet og tok hand om den forulykka til ambulansen kom. Når Politiet kom på staden var bilen vippa på hjul som klargjering for bilbergar.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av pumper.