Veke 25: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 20.06.23 – 27.06.23

  • 15:08 Tysdag rykte ØBR ut med høgdemateriell for å bistå Herøy brann og redning med større bygningsbrann på Eggeneset. Ørsta er einaste på Søre Sunnmøre som har dette utstyret og vert derfor kalla ut ved behov utanom Ørsta kommune. Her vart innsatsen med stigebilen særs viktig. For å sitere utrykkingsleiar frå Herøy brann og redning til Vestlandsnytt "Særskilt stigebilen har vore til god hjelp" og "Med stigebilen kan vi kome 30 meter opp, og få tilgang til det som er vanskeleg." Stigebilen var med i heile forløpet, frå aktiv slokking til etterslokking.
  • 23:33 Onsdag kveld rykte ØBR si dronegruppe ut for å bistå Politiet med kontroll av drivande båt på Hovdevatnet. Heile vatnet vart avsøkt med varmesøkjande drone utan å avdekkje noko. Ein aluminiumskano vart innhenta av innringarane.
  • 01:44 natt til Torsdag rykte ØBR ut til kontroll etter eksplosjon i kjøle/fryseskap i privatbustad. Dørene var sprengt av og nokre av vindauga i rommet var knust. Det vart kontrollert med varmekamera, gassmålar og visuelt utan å finne openbar orsak.
  • Torsdag var Bjørnis på Alti i forbindelse med Superhelg med Ellie & Timba.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på pumpekøyring. Vassforsyning kan ofte vere ei utfordring, spesielt utan for sentrum. Brannkonstablane øvde på pumping av vatn frå oppa kjelde med dei ulike pumpene vi har.
  • Søndag 13:15 rykte befalsvakta ut til mistenkeleg lukt i bustadhus i på Vallabøen. Det vart kontrollert utan å finne noko. Røykvarslar fungerte, men løyste ikkje ut på noko. Huseigar fekk beskjed om å lufte ut og gi beskjed om lukten vedvarte.
  • Søndag 19:48 rykte brannkonstablane på Vartdal ut til mulig brann ved Vartdal gjenvinning. Det vart raskt avklart at det var eit bål.  Båleigar hadde god kontroll og brannvesenet retunerte.
Bildet viser ein stigebil som støkkjer brann. - Klikk for stort bileteØrsta brann og redning var til Herøy med stigebilen for å bistå dei i ein større brann på Eggesbøneset 20. juni. Ørsta brann og redning