Veke 23: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 06.06.23 – 13.06.23

  • 11:14 Tysdag rykte brannvakta ut til akutt vasslekkasje i Grepalida. Etter litt kom det fram at det gjaldt bustad i Åmdalen. Hovudkran vart stengt og huseigar fekk beskjed om å kontakte rørleggjar.
  • 17:00 – 19:00 Tysdag øvde brannkonstablane ved Sæbø brannstasjon på trafikkulykke. Ved trafikkulykker er det brannkonstablane som sikrar køyretøya, sikrar mot brann og evt. frigjer fastklemde personar. Ørsta er ei kommune med sine lange vegstrekningar er ei utsett kommune. I snitt rykker vi ut til 28 trafikkulykker i året. Det er nesten 3 gangar meir enn alle dei andre kommunene på Søre Sunnmøre.
  • 17:10 Torsdag ettermiddag rykte vaktlag 3 ut til trafikkulykke i Garvargata/Håkonsgata. To personbilar hadde frontkollidert. Brannkonstablane sikra skadestad, dirigerte trafikk, sikra mot brann og rydda vegbana. Dei forulukka vart tatt hand om av helse.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av overflateredningsutstyret . Ved hendingar i vatn vert brannvesenet utkalla og må då ha kunnskap og utstyr for å hente personar og dyr opp frå vatn. Brannkonstablane øvede på rask oppkledning og gjekk gjennom alt utstyret.
  • Fredag 19:53 Rykte vaktlag 4 ut til melding om mogleg brann på tak i Strandgata i Ørsta sentrum. Stigebil var sett opp og røykdykkarar gjekk opp for å kontrollere. Det vart kontrollert med varmekamera utan å sjå noko. Etter ei stund kom innringar og det vart avklart at det var glinsande overflate som bidrog til at det såg ut som brann på avstand. Betre med ein bomtur en at ein potensiell brann fekk utvikle seg meir.