Veke 17: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 25.04.23 – 02.05.23

  • 16:34 Tysdag rykte vaktlag 1 ut til bilbrann i Eiksundsambandet. Bilen sto på Ørsta sida og det skulle komme røyk frå motorrommet. På staden kom det fram at bilen ikkje brann, men at det var damp frå motorrommet som følgje av lekkasje av kjølevæske. Ingen brann
  • 17:00 – 21:00 Onsdag hadde vaktlag 1 og 2 og røykdykkarane ved Sæbø brannstasjon sitt årlege varme røykdykk. Her får dei søke etter sakna i reel brannrøyk og kjenne på varmebelastinga og slokke i overtenningskonteinaren. Skal ein vere røykdykkar er det krav om minimum tre kalde røykdykk og eit varmt kvart år. Mykje god læring i desse øvingane.
  • 18:00 – 20:00 Torsdag øvde brannkonstablane ved Vartdal brannstasjon på røykdykking i Ørsta sentrum. Vi har fått tilgang til nokre bustadhus som skal rivast. Dette gir realistiske og gode øvingar. Alle røykdykkarane fikk søke etter sakna personar i røyk og resterande brannkonstablar fikk øve på vassforsyning.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på røykdykking . Røykdykking handlar i hovudsak om å søke gjennom et røykfylt område på ein trygg og effektiv måte for å finne sakna og/eller sløkkje brann. Det er ei risikofylt oppgåve som krev jamleg øving for å kunne utføre den på ein forsvarleg måte.
  • 03:25 Natt til måndag rykte vaktlag 2 ut til automatisk brannalarm ved verksemd i Ørsta sentrum.  Brannkonstablane tok seg inn i bygget og lokaliserte utløyst røykvarslar. Det kom raskt fram at det var vassdamp frå ein kjel som hadde utløyst alarmen. Brannkonstablane lufta ut og tilbakestilte alarmen.
  • 18:47 Måndag rykte vaktlag 2 ut til trafikkulukke på E39 i hovdebakken. Kollisjon mellom to bilar. Brannkonstablane sperre vegbana, rydda vegbana, dirigerte trafikk og sikra mot brann. Bergingsbil vart rekverert og dei forulukka vart tatt hand om av ambulansen.
Bildet viser tre brannmenn som er på veg inn i ein betongboks full i røyk. - Klikk for stort bileteBilde frå Varmt røykdykk på onsdagen. Ørsta brann og redning