Veke 8: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 15.02.22 – 22.02.22

  • 14:00-16:00 Tysdag øvde ØBR depot Øye på utrykking og utstyr på bil. Branndepotet på Øye har ei spesielle rolle der dei alltid er første naudetat på staden og kan risikere å vere lenge åleine før andre ressursar frå ambulanse, politi eller anna brannmannskap kjem. Dei øver derfor på kommunikasjon og ulike senario for å få rett info tidleg ut for å varsel rett ressurs tidleg.
  • 18:00-20:00 Onsdag øvde ØBR vaktlag 2 og 4 på overflateredning. Brannmannskapet øvde denne gongen på søk i sjø. I sjøen er det mange faktorar å tenke på for å ha oversikt over kvar ein har søkt og kva som står at. Bølger, flo/fjøre og vind gjer det utfordrande for overflatereddarane i vatnet å ha full oversikt over kvar ein er til ei kvar tid.  Dette må øvast på for å meistre.