Veke 7: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 08.02.22 – 15.02.22

  • 15:47 Onsdag ettermiddag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå VikØrsta i Ura. Framme på staden viste det seg å vere ukjend teknisk feil som var orsak til alarmen. Mulig i forbindelse med lynnedslag i nærleiken.
  • 18:00-20:00 Onsdag øvde ØBR på overflateredning. Brannmannskapet øvde denne gongen på søk i sjø. I sjøen er det mange faktorar å tenke på for å ha oversikt over kvar ein har søkt og kva som står at. Bølger, flo/fjøre og vind gjer det utfordrande for overflatereddarane i vatnet å ha full oversikt over kvar ein er til ei kvar tid.  Dette må øvst på for å meistre.
  • 14:31 Måndag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Ørstaheimen. Framme på staden kjem det fram at alarmen skuldast arbeid på staden. Ingen brann.