Veke 42: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 11.10.22 – 18.10.22

  • 14:00 – 16:00 Tysdag hadde brannmannskapet på Øye gjennomgang av pumper, bil og utstyr på brannstasjonen. Brannvesenet har mykje utstyr ein skal vite kor fungerar. Brannmannskapet går gjevnleg gjennom utstyret for å sjå til at det fungerar og at ein veit kor det fungerar.
  • 18:00 – 20:00 Tysdag hadde brannmannskapet på Sæbø øving på pipebrann og tilkomst på tak. Det vart gjennomgått utstyret og teori på stasjon før det var øvd på tilkomst på prestegarsdbustaden og vassforsyning frå hydrant. Etter at ØBR fekk stigebil har tilkomst på taket vorte vesentleg tryggare, men i enkelte tilfelle har ein ikkje tid til å vente på den frå Ørsta og må på taket å slokke før brannen sprer seg til bygget.
  • 22:38 Tysdag kveld rykte ØBR ut for å bistå politiet med tilgang til Ørstahallen for å finne tenåringa som var inne i hallen.
  • 18:00 – 20:00 Onsdag øvde vaktlag 1 og 4 på røykdykking og stigebil på firmannsbustad i Grepalidvegen. Fokus på øvinga var røykdykkarleiar si rolle ved mange samtidige innsatsar. Søk etter sakna med to røykdykkarlag samtidig som det var slokkeinnsats frå utsida med stigebil. Røykdykkarleiar si rolle er her å koordinere innsatsen med den andre røykdykkarinnsatsen og slokkeinnsatsen ute. Innsats andre stadar på bygget kan få konsekvensar for mannskapet som er inne og omvendt.
  • 18:00 – 20:00 Torsdag hadde brannmannskapet på Vartdal øving på pipebrann og tilkomst på tak. Det vart gjennomgått utstyret og teori på stasjon før det var øvd på tilkomst på taket på brannstasjonen. Etter at ØBR fekk stigebil har tilkomst på taket vorte vesentleg tryggare, men i enkelte tilfelle har ein ikkje tid til å vente på den frå Ørsta og må på taket å slokke før brannen sprer seg til bygget.
  • 16:00 – 17:30 Fredag ettermiddag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av tauredning og sikringsutstyr. Det var øvd på trinsereduksjon og tauascending.
Stigebiløvinga i Ørsta. Ørsta brann og redning

 

Pipebrannøving på Sæbø. Ørsta brann og redning