Veke 4: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 18.01.22 – 25.01.22

  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på samband og kommunikasjon. Brannvesenet nyttar radiosamband ved alle hendingar. For intern kommunikasjon, kommunikasjon til/frå 110-sentralen og til kommunikasjon med ambulansen, politiet eller andre instansar. Ved hendingar er tid ofte kritisk, då er det viktig at informasjonen kjem raskt og forståeleg ut, slik at ein får ut dei rette resursane så raskt som mogleg.
  • 01:08 natt til søndag rykte ØBR ut til utløyst røykvarslar i privat husstand på Sæbø. Brannmannskapet gjekk gjennom bustaden med varmekamera og gassmålar. Fann ingen orsak til utløyst alarm. Antatt teknisk feil.