Veke 33: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 09.08.22 – 16.08.22

  • Tysdag ettermiddag rykte ØBR ut til bålbrenning. På staden kom det fram at detgjaldt brenning av rivingsavfall. Eigar var kontakta og bedt om å sløkkje bålet og levere avfallet til godkjendt mottak.
  • 16:00 – 17:30 Fredag øvde vaktlag 2 på kontroll av utstyr og bilar, samt vifte og ventilering. Ved ein bygningsbrann vil det samlast ein del røyk i bygget og gjere det vanskeleg å ta seg fram inne, samt vere skadeleg for dei som er i bygget.. Samtidig vil brannrøyken kunne nå ei tettheit og ein temperatur som gjer at den sjølvantenner og skapar ei eksplosiv utvikling ved å tilføre oksygen. Ved brann har vi derfor fokus på å ventilere ut røyken på ein forsvarleg måte, slik at ein forbetrar arbeidsmiljøet for brannvesenet og samtidig ikkje gjer at brannen eskalerar.
  • 01:20 Natt til Måndag rykte innsatsleiar ut til alarm frå bustad. Alarmen skuldast batterifeil på varslar. Ingen brann.