Veke 3: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 11.01.22 – 18.01.22

  • 20:45 Tysdag rykte ØBR ut til ein person som hadde ramla på isen og ikkje kom seg oppatt. Brannmannskapet fekk personen opp før bekjent av personen tok over og fekk personen sjekka av legevakta.
  • 16:20 Onsdag rykte ØBR ut til oversvømming i kjellar på bustadhus i Follestaddalen. Brannmannskapet pumpa vatn ut av kjellaren, la ut sandsekkar og grov avskjæringsgrøfter. Huseigar skaffa gravemsakin som bistod med å lage større avskjæringsgrøft.
  • 18:43 Onsdag kveld rykte ØBR ut til lekkasje i taknedløp på industribygg i Ørsta. Brannmannskapet fekk tetta taknedløpet medan ein fekk leda om vatnet med rør.
  • Mellom 19:40 Onsdag og 01:00 Torsdag rykte ØBR ut til 6 oppdrag med vatn i kjellaren. I desse tilfella var utstyret til brannvesenet for grovt til å kunne hjelpe og huseigar hadde kontroll sjølve. Dei var bedt om å ta kontakt igjen om situasjonen forverra seg.
  • 20:42 Torsdag kveld rykte ØBR ut til vatn i kjellar. Framme på staden kom det fram at huseigar førebels hadde kontroll og at utstyret til brannvesenet var for grovt til å kunne hjelpe. Huseigar var bedt om å ta kontakt om situasjonen forverra seg.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på samband og kommunikasjon. Brannvesenet nyttar radiosamband ved alle hendingar. For intern kommunikasjon, kommunikasjon til/frå 110-sentralen og til kommunikasjon med ambulansen, politiet eller andre instansar. Ved hendingar er tid ofte kritisk, då er det viktig at informasjonen kjem raskt og forståeleg ut, slik at ein får ut dei rette resursane så raskt som mogleg.
  • 04:09 Måndag morgon rykte ØBR ut til brann i bustadhus i Norangsdalen. Framme på staden kom det fram at det gjeldt ulmebrann nært skorsteinen. Brannmannskapet fekk reve opp konstruksjonen og slokt brannen. Konstruksjonen var kontrollert med varmekamera før innsatsen var avslutta.