Veke 14: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 29.03.22 – 05.04.22

  • 16:26 Onsdag rykte ØBR ut til oljelekkasje frå bil i Hovdebygda. Brannmannskapet la ut oljebark og fekk kosta det saman. Politiet tok arbeidet med å få kontakt med bileigar.
  • 18:00 – 20:00 Onsdag Øvde ØBR saman med Røde Kors Ørsta si båtgruppe på person i sjøen og oppsamling av oljelekkasje i sjøen. Ved personar i vatn og akutt forureining i sjøen er det brannvesenet som må løyse oppdraget.  Med bakgrunn i dette har ØBR overflatereddarar for redning i sjø, vatn og elv og oljelenser for oppsamling av lekkasjar i vatn. Senariet her vart derfor båt ulukke med person i sjøen og oljelekkasje.
  • 10:33 Torsdag rykte ØBR ut til trafikkulukke mellom lastebil og varebil på Saltre. Brannmannskapet stengde vegen og fekk sikra mot brann. Bilane var klemt fast i kvarandre og måtte dragast frå kvarandre. Lastebilen køyrde frå skadestad sjølv, medan varebilen vart henta av bilbergar. Ambulansen tok med seg ein person for kontroll.