Veke 10: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 01.03.22 – 08.03.22

  • 16:00-18:00 Onsdag øvde gruppe 2 brannkonstablar ved stasjon Ørsta på Stigebil ved R-senteret. Dei fekk repetisjonsopplæring på funksjonane til bilen og konkrete oppgåver knytt til punkt på bygget ein skulle nå. For å nå dei ulike punkta måtte bilen plasserast rett og ein må nytte dei ulike funksjonane til korga for å komme nært nok.
  • 18:00-20:00 Onsdag øvde gruppe 3 brannkonstablar ved stasjon Ørsta på Stigebil ved Odd Fellow bygget. Dei fekk repetisjonsopplæring på funksjonane til bilen og konkrete oppgåver knytt til punkt på bygget ein skulle nå. For å nå dei ulike punkta måtte bilen plasserast rett og ein må nytte dei ulike funksjonane til korga for å komme nært nok.
  • 13:23 Fredag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Vartdal Kyrkje. På staden gjekk brannmannskapet gjennom bygget med varmesøkjande kamera og kontrollerte. Ingen brann.
  • 15:02 Fredag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå verksemd i sentrum. Det kom raskt fram at alarmen skuldast arbeid på el-anlegget. Ingen brann.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på farlig gods. E39 går gjennom kommunen og her vert det frakta stort omfang av farlige stoff som bensin, diesel, metan, Nitrogen, oksygen, natriumhydroksid for å nemne nokre av dei vanlegaste. Samtidig har vi mange verksemder i kommunen som enten nyttar farlege stoff som kjølemedium eller som behandlingsstoff i produksjonen. Med bakgrunn i dette har Ørsta brann og redning eigne kjemikaliedykkarar med utstyr for å kunne samle opp og tette lekkasjar i tankar med farleg stoff.
  • 13:36 Måndag rykte ØBR ut til Trafikkulukke i Eiksundtunnelen. På veg ut kom det fram at situasjonen var avklart og at ØBR kunne returnere.