Veke 52: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 21.12.2021 – 28.12.2021

  • 11:35 Onsdag førmiddag rykte ØBR ut til person som hadde falt i ned skrent og havna i elva. Ambulanse og lege på staden trengde bistad for å få personen opp frå vasskanten og opp skrenten. Brannmannskapet bistod med taumateriell og fikk personen opp. Personen hadde blitt liggande i elva ei stund og vart teke hand om av helsepersonell.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving med stigebilen. Brannvesenet er ute på mange oppdrag der ein er avhengig av å komme til på vanskelege stadar på ein trygg måte. Enten det er for å hente person opp frå sjøen, eit barn ned frå eit tred, komme til frå utsida på ei høgblokk eller for å skjære hål i ein takkonstruksjon for å ventilere røykgassar ved ein husbrann. Då er det svært godt å ha ein trygg platform å stå i eller sikre seg til om det ein står på skulle kollapse.
  • 22:22 Fredag kveld rykte ØBR ut til mistenkeleg lukt og varmgang på kjøkken i bustad. Brannmannskapet gjekk over med varmekamera og fekk lokalisert problemet. Huseigar var bedt om å ta kontakt med elektrikkar for å få utbetra problemet.