Veke 50: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 07.12.2021 – 14.12.2021

  • 14:24 Tysdag rykte ØBR ut til brann i bygning. Framme på staden var det mykje røyk i bustaden og brannen var forsøkt sløkt av personar på staden. Brannmannskapet gjekk inn med røykdykkarar, fekk ut det som var brent, kontrollerte for temperaturar, og fekk lufta ut bustaden med vifter.
  • 23:42 Tysdag kveld rykte ØBR ut til trafikkulukke. To bilar innvolvert. Brannmannskapet tok seg av dei involverte før ambulansen kom, dirigerte trafikk, sikring av køyretøya og opprydding.
  • 19:23 Torsdag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå bustadfellesskap. Framme på staden viste det seg å vere svidd mat som var orsak til alarmen. Brannmannskapet bistod med utlufting av røyk.
  • 16:00–17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på sotbrann og stigebilen. Brannvesenet er ute på mange oppdrag der ein er avhengig av å komme til på vanskelege stadar på ein trygg måte. Enten det er for å hente person opp frå sjøen, eit barn ned frå eit tred, komme til frå utsida på ei høgblokk eller for å skjere hòl i ein takkonstruksjon for å ventilere røykgassar ved ein husbrann. Då er det svært godt å ha ei trygg plattform å stå i eller sikre seg til, om det ein står på skulle kollapse.