Veke 49: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 30.11.2021 – 07.12.2021

  • 14:02 Fredag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Ørsta legesenter. Framme på staden kom det fram at alarmen skuldast røyk frå matlaging. Brannmannskapet hjelpte til med utlufting og tilbakestilling.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving med stigebilen. Brannvesenet er ute på mange oppdrag der ein er avhengig av å komme til på vanskelege stadar på ein trygg måte. Enten det er for å hente ein person opp frå sjøen, eit barn ned frå eit tred, å kome til frå utsida på ei høgblokk, eller for å skjære hol i ein takkonstruksjon for å ventilere røykgassar ved ein husbrann. Då er det svært godt å ha ei trygg plattform å stå i eller sikre seg til om det ein står på skulle kollapse.
  • 14:10 måndag rykte ØBR ut til mistenkeleg røyk/lukt i industriområde i Hovdebygda. Framme på staden kom det fram at det var røyk frå feil dieseldrive utstyr. Ingen brann.