Veke 44: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 26.10.21 – 02.11.21

  • 18:00–21:00 onsdag øvde alt brannmannskap i Ørsta sentrum på CBRNE og kjemikaliedykking ved Bjørdal. CBRNE står for kjemisk stoffer (C), biologiske agens (B), radioaktive stoffer (R), nukleært materiale (N) og eksplosiv (E). Bedrifta brukar eit sterkt etsande og giftig stoff i sin produksjon. Skulle det vere eit uhell med dette er det brannvesenet som rykker ut for å hente ut forulukka og tette ei evt. lekkasje. Øvinga her gjaldt ein person fast under truck og tre sakna i lokalet med lekkasje får eit etsande stoff. Godt gjennomført øving der vi fekk moglegheita til å samarbeide med industrivernet ved bedrifta.
  • 16:00–17:30 fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt bruk av stigemateriell. Hovudbrannbilen er utstyrt med ein 4-delt stige med støttebein. Denne brukar brannkonstablane til alt frå sløkking i øvrige etasjar til redning av kattar i tre. Ein stige på 12,5 meter er ikkje berre berre å stille opp, og det krevst derfor jamlege øvingar for å kunne sette den forsvarleg opp i ein akutt situasjon.
  • 17:45 søndag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå leilegheitsbygg i Ørsta sentrum. Brannmannskapet kom fram og fann ut kvar i bygget alarmen var utløyst. Der var ingen teikn til røyk, men ei sterk lukt av parfyme. Brannmannskapet kontrollerte med varmekamera og konkluderte med at alarmen skuldast sky av parfyme. Ingen brann.