Veke 42: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 12.10.21 – 19.10.21

  • 11:09 Onsdag føremiddag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Vartdal Kyrkje. Framme på staden kom det fram at kyrkja var under arbeid, men at ingen var tilsynelatande til staden. Brannmannskapet søkte gjennom bygget og fikk bekrefta at det var ein teknisk feil som var orsak til alarmen. Ingen brann.
  • 18:44 Torsdag rykte ØBR ut til skred over Hustadnesvegen. Brannvesenet saman med dei andre naudetatane sette KO og skaffa seg oversikt over omfanget. Det kom etter kvart fram at to naust var tekne, men at ingen personar var tekne av skredet. Straumen ut til Hustadneset var teken og dei var utan stram til naudstraum var etablert.
  • 16:00–17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt bruk av stigemateriell. Hovudbrannbilen er utstyrt med ein 4-delt stige med støttebein. Denne brukar brannkonstablane til alt frå slokking i øvrige etasjar til redning av kattar i tred. Ein stige på 12,5m er ikkje berre berre og stille opp og krev derfor jamlege øvingar for å kunne sette den forsvarleg opp i ein akutt situasjon.
  • 16:36 Laurdag hjelpte ØBR privatperson som hadde inntrenging av vatn i Kjellar. Brannvesenet pumpa ut vatnet og hjelpte til med redning av verdiar.