Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Veke 40: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 28.09.21 – 05.10.21

  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt bruk av stigemateriell. Hovudbrannbilen er utstyrt med ein 4-delt stige med støttebein. Denne brukar brannkonstablane til alt frå slokking i øvrige etasjar til redning av kattar i tred. Ein stige på 12,5m er ikkje berre berre og stille opp og krev derfor jamlege øvingar for å kunne sette den forsvarleg opp i ein akutt situasjon.
  • 07:57 Måndag rykte ØBR ut til trafikkulukke i Ørsta. Brannvesenet bidrog med ivaretaking av pasient og opprydding.
  • 14:00 Tysdag hadde brannkonstablane på Øye gjennomgang av pumper, bilar og utstyr. Brannvesenet har mykje utstyr og mange oppgåver og det er derfor nyttig å gå gjennom dette med jamne mellomrom for å ha oversikta og vite korleis alt fungerar.