Veke 4: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 19.01.2021 – 26.01.2021

10:02 Torsdag morgon rykte ØBR ut til trafikkulukke i Mosmarka. To bilar involvert. Brannmannskapet stoppa trafikken og tok seg av dei involverte. Politiet overtok og brann returnerte til stasjon.

16:00-17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på samband og kommunikasjon. Brannvesenet nyttar radiosamband ved alle hendingar. For intern kommunikasjon, kommunikasjon til/frå 110-sentralen og til kommunikasjon med ambulansen, politiet eller andre instansar. Ved hendingar er tid ofte kritisk, då er det viktig at informasjonen kjem raskt og forståeleg ut, slik at ein får ut dei rette resursane så raskt som mogleg.

16:01 Laurdag ettermiddag rykte ØBR ut til brannalarm frå privat bustad på Engeset. Alarmen var utløyst fleire gongar utan at vaktselskapet hadde klart å kome i kontakt med huseigar. Framme på staden viste det seg å vere støv frå oppussingsarbeid som var orsaken til alarmen. Ingen brann.

18:17 Søndag kveld rykte ØBR ut for å bistå huseigar med snøras frå tak. Fortauet forbi vart sperra med sperreband.