Veke 25: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 15.06.21 – 22.06.21

  • 16:20 Tysdag rykte ØBR ut til oljesøl i Osgeila. Ein lastebil hadde mista olje utover vegbana. Brannmannskapet fikk lagt ut absorberande masse og samla opp oljen.
  • 13:00 – 17:00 Fredag var ØBR med Bjørnis med på opning av Tussaparken. Der grilla vi pølser og delte ut brus.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt gjennomgang av overflateredningsutstyret. Ved hendingar i vatn vert brannvesenet utkalla og må då ha kunnskap og utstyr for å hente personar og dyr opp frå vatn.
  • 00:59 Natt til Laurdag rykte ØBR ut til mistanke om ulmebrann ved Osberget skisenter. Framme på staden viste det seg å vere ei bål. Bålet var forsvarleg plassert og i god avstand til skog.

Dronebilde av Tussaparken Thomas Winther Leira