Veke 49: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 24.11.2020 - 01.12.2020

16:00-17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på skorsteinsbrann. Om ein ikkje fyrer rett fører det til at ikkje forbrent materiale følgjer røyken og legge seg inn i skorsteinen. Når skorsteinen når rett temperatur startar det å brenne i skorsteinen og ein får ein skorsteinsbrann. Ved skorsteinsbrann vert det som regel svært høge temperaturar og ein risikerer at brannen spreiar seg til resten av bygget.