Veke 48: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 17.11.2020 - 24.11.2020

14:46 Tysdag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulukke ved Tine. Framme på staden viste det seg å vere ein lastebil som hadde mista dekka på tilhengaren, som hadde treft to bilar. Brannvesenet rydda vegbana og dirigerte trafikk. Ingen personskade.

16:00-17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på skorsteinsbrann. Om ein ikkje fyrer rett fører det til at ikkje forbrent materiale følgjer røyken og legge seg inn i skorsteinen. Når skorsteinen når rett temperatur startar det å brenne i skorsteinen og ein får ein skorsteinsbrann. Ved skorsteinsbrann vert det som regel svært høge temperaturar og ein risikerer at brannen spreiar seg til resten av bygget.

23:31 Søndag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Møre Folkehøgskule. Manuell meldar inntrykk ved uhell orsak til alarm. Ingen brann.

08:42 Søndag rykte Ørsta brann og redning ut til brann i bustadbygg. Framme på staden kom det fram at det gjaldt brann i garasje tilknytt bustaden og at bustaden var full i røyk. Brannvesenet starta slokking og trykksette huset for å hindre at røyken spridde seg til resten av bygget. Bebuarane vart tatt hand om av ambulansen. Brannen vart sløkt og bygget vart lufta ut og kontrollert for varme.