Veke 47: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 10.11.2020 - 17.11.2020

19:35 Tysdag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulukke ved Klubben. Ein bil hadde køyrd i fjellveggen. Brannmannskapet stoppa trafikken, rydda vegbana og sikra kjøretøyet.

15:17 Onsdag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Viketunet. Matos orsak til alarm. Ingen brann.

16:00-17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på skorsteinsbrann. Om ein ikkje fyrer rett fører det til at ikkje forbrent materiale følgjer røyken og legge seg inn i skorsteinen. Når skorsteinen når rett temperatur startar det å brenne i skorsteinen og ein får ein skorsteinsbrann. Ved skorsteinsbrann vert det som regel svært høge temperaturar og ein risikerer at brannen spreiar seg til resten av bygget.

21:05 Måndag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Hotel Sagafjord. Vassdamp orsak til alarm. Ingen brann.