Veke 12-13: Nytt frå brannvakta


Brann og redningslogg – 11.03.2020 – 24.03.2020

20:10 Torsdag 19. mars rykte Ørsta brann og redning ut til mulig brann i Åmdalen. Framme på staden viste det seg å vere eit bål. Bålet brann utan personar tilstades. Ansvarleg pålagt å sjå til bålet. 

Desse vekene har vore spesielle mtp. koronasituasjonen i Ørsta og rundt verda. Alle øvingar er utsett og Ørsta brann og redning er i beredskap i høve situasjonen vi står ovanfor. Følgande melding kjem frå Brannsjef Thomas Winther Leira: 

"Ber alle hjelpe oss med å behandle tilstrekkelig beredskap! 

Dette gjer de ved å vere ekstra forsiktige når de driv med aktivitetar som kan forårsake brann eller andre ulykker som vi må rykke ut til. Om alle er vakne og til stades når dei lagar mat, køyrer forsiktig og alle tek ei runde i huset for ein ekstra sjekk før ein legg seg, kan vi kanskje unngå akkurat DEN utrykkinga som smitter vaktlaget vårt. Får vi mange sjukdomstilfeller vil det svekker beredskapen vesentlig. Det må vi unngå".