Veke 49: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 03.12.2019 – 10.12.2019

18:00 – 19:30 Onsdag øvde Ørsta brann og redning på røykdykking. Mannskapet fekk søkje etter sanka person i røykfylt miljø. 

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 1 på pipebrann. Om ein ikkje fyrer rett fører det til at ikkje forbrent materiale følgjere røyken og legge seg inn i skorsteinen. Når skorsteinen når rett temperatur startar det å brenne i skorsteinen og ein får ein skorsteinsbrann.

19:49 Fredag kveld rykte Ørsta brann og redning ut til einsleg bil av vegen mellom Barstadvika og Festøya. Bilen låg på taket i grøfta, ein person i bilen. Personen vart køyrt til sjukehus for kontroll. Brannmannskapa tok straumen på bilen, rydda vegbana og fekk bilen på bergingsbil.

00:14 Natt til Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til bilbrann i Ørsta sentrum. Framme på staden hadde brannen avtatt, men bileigar fekk ikkje opp panseret og sjekka tilstanden.  Brannmannskapet fekk kopla frå batteriet og opna panseret. Brannen hadde gitt seg og bileigar fekk beskjed om å parkere bilen på ein branntrygg stad.

01:45 Natt til Søndag rykte Ørsta brann og redning ut til brann i bygning, Kiwihallen. Framme på staden kom det fram at det var tent opp eit bål i ein vask inne på toalettet og at røykvarslaren var forsøkt fjerna. Brannmannskapet kontrollerte resten av bygningsmassa med varmesøkjande kamera.

04:52 Måndag morgon rykte Ørsta brann og redning ut til utforkøyring med semitrailer mellom Rjåneset og Flåvika. På veg ut kom det fram at ulykka var i Rindane. Ein semitrailer hadde kome utanfor vegbana og hamna i grøfta. Ein person vart køyrd til Volda sjukehus for kontroll. Det vart rekvirert bergingsbilar som fekk fjerna køyretøyet.