Veke 48: Nytt frå brannvakta


Brann og redningslogg – 26.11.2019 – 03.12.2019

17:14 Torsdag rykte Ørsta brann og redning ut til branntilløp i bustad i Ørsta sentrum. Framme på staden kom det fram at det var eit ledlys i andre etasje. Ingen brann, men greitt å få sjekka ut.

11:00 – 15:00 Fredag hadde Ørsta brann og redning saman med EL-tilsynet stand på Alti der vi delte ut batteri til røykvarslarar, drops og sjekkliste for branntryggleiken i heimen. Det vart til saman delt ut 600 batteri og 10kg drops.

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 4 på pipebrann. Om ein ikkje fyrer rett fører det til at ikkje forbrent materiale følgjere røyken og legge seg inn i skorsteinen. Når skorsteinen når rett temperatur startar det å brenne i skorsteinen og ein får ein skorsteinsbrann. 

12:43 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå eit vaktselskap vedkomande ein privat bustad på Engeset. Framme på staden viste det seg å vere røyk frå sigarett som var orsak til alarmen. 

17:00 – 18:00 Søndag selde Ørsta brann og redning faklar for Redd barna under tenning av Julegrana på Haldeplassen. 

20:40 Måndag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulukke mellom Nordre Vartdal og Masdal. Framme på staden viste det seg å vere einsleg bil av vegen. Bilen hadde rulla fleire gongar. Sjåføren vart sendt til sjukehuset for kontroll.