Veke 47: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 19.11.2019 – 26.11.2019

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 3 på pipebrann. Om ein ikkje fyrer rett fører det til at ikkje forbrent materiale følgjere røyken og legge seg inn i skorsteinen. Når skorsteinen når rett temperatur startar det å brenne i skorsteinen og ein får ein skorsteinsbrann.

00:08 Tysdag kveld rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulykke på Festøya. Trafikkulykka gjaldt einsleg bil i grøfta. Brannmannskapa rydda på staden. Dei involverte vart sendt til sjukehus for kontroll.

09:00 – 11:00 Mandag hadde førebyggjande avdeling saman med eltilsynet brannvern opplæring med vaksenopplæringa. Det var sett fokus på dei vanlegaste brannorsakene, korleis ein kan førebyggje desse og korleis førebur en seg på ein brann.