Veke 44: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 29.10.2019 – 05.11.2019

08:00 – 10:00 Tysdag hadde førebyggjande avdeling saman med eltilsynet brannvern opplæring med heimebasert omsorg (HBO) retta mot risikoutsette grupper. Eldre over 70 år er ei risikoutsett gruppe. Brannhyppigheita heime med desse er nesten fem gangar høgare enn med befolkninga elles og er derfor ei viktig gruppe å nå.  Heimebasert omsorg er rundt i mange heimar i kommunen og er ein god samarbeidspartnar for å nå ut til flest mogleg.
 

16:26 Onsdag ettermiddag rykte Ørsta brann og redning ut til røykutvikling frå lageret til Skeidar i Hovdebygda. Framme på staden var det sendt inn røykdykkarar med varmekamera. Røykutviklinga viste seg å kome frå varmgang i eit sikringsskap. Røykdykkarane kutta straumen til sikringsskapet og lufta ut røyken. Huseigar bestilte elektrikar som gjekk over anlegget.
 

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 4 på tauredning/sikring. Ørsta er ei kommune med mange bratte fjellsider, bruer, elveløp og anna krevjande terreng som gjer det nødvendig for brannvesenet å ha kunnskap om tauredning/sikring. Alt frå utforkøyring til personar og dyr som har gått seg fast.

Brannopplæring HBO