Veke 42: Nytt frå brannvakta


Brann og redningslogg – 15.10.2019 – 22.10.2019

16:49 Tysdag rykte Ørsta brann og redning ut til utløyst brannalarm frå eit vaktselskap som har ansvaret for eit bustadhus i Follestaddalen. Framme på staden kontrollerte brannmannskapet bygget utanfrå. Ingen brann.


17:00 – 20:00 Onsdag øvde Ørsta brann og redning på røykdykking i reel brannrøyk i røykdykkaranlegget vårt i Hovdebygda. Dette er ei pålagd øving vi må ha kvart år, der alle vore røykdykkarar får øve med høge temperaturar og reel røyk. Viktig øving for å halde ved like kunnskapen.


17:00 – 19:00 Torsdag øvde brannmannskapet på Bjørke på trafikkulykke. Senarioet var bil av vegen ved Tyssebrua på Bjørke. Brannmannskapet sikra bilen mot brann og fekk passienten trygt i sikkerheit. Godt gjennomført øving.


16:00 – 18:00 Fredag gjekk vaktlag 1 gjennom bilar og utstyr. Brannvesenet sine bilar er pakke fulle av utstyr. Alt frå utstyr vi ofte brukar, som brannslangar og frigjeringsutsyr, til utstyr vi brukar skjeldent, som klatreutsyr og kjemikaliedrakter. Det er derfor viktig at alle har kontroll på kvar ting ligg og korleis det fungerar.


10:43 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til branntilløp i personbil i Hovdebygda. Framme på staden var der ein del røyk frå bilen, men ingen eld. Brannmannskapet kopla frå straumen på bilen og rekvirerte bilbergar.


17:50 Måndag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulykke i Hovdebakken.  To bilar var involvert. Brannmannskapet brannsikra skadestaden og tok seg av trafikkdirigering. Ambulansepersonell kontrollerte dei forulukka.

Bilder frå øvinga på Bjørke torsdag 17. oktober: