Veke 41: Nytt frå brannvakta


Brann og redningslogg – 08.10.2019 – 15.10.2019


17:00 – 20:00 Onsdag øvde Ørsta brann og redning på røykdykking i reell brannrøyk i røykdykkaranlegget vårt i Hovdebygda. Dette er ei pålagd øving vi må ha kvart år, der alle vore røykdykkarar får øve med høge temperaturar og reel røyk. Viktig øving for å halde ved like kunnskapen.

10:53 Fredag fekk brannvesenet melding om mulig oljelekkasje i fjorden ved Urke. Etter avklaringar kom det fram at det var snakk om 1 liter hydraulikkolje i sjøen. Det var ikkje grunn til å aksjonere då utsleppet var så lite at det ikkje ville vere mulig å samle opp.

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 2 på brann i gårdsbruk og bruk av stige. Ørsta er ei relativt stor landbrukskommune, der 16% av innbyggjarar bur på landbrukseigedom og 150 av desse har dyrehald. Landbruksbygningar er høgde, torre og inneheld gjerne ein del brannenergi. Brann i landbruksbygningar utviklar ofte seg svært raskt og kan verte svært komplekse. Det er derfor viktig at vi med gjevne mellomrom øver på faremoment knytt til slike brannar.