Veke 17: Nytt frå brannvakta Brann og redningslogg – Veke 17– 23.04.2019 – 30.04.2019 Tysdag rykte Ørsta brann og redning ut for å bistå helse. Tysdag 16:00 var vaktlag 1 på Vegtrafikkstasjonen og demonstrerte klipping av bil (Kjettingmetoden) i samband med russebilkontroll. Dette er en metode vi bruker for å opne bilar som er kraftig deformert, slik at vi enkelt og raskt får ut pasientar. Onsdag 18:00 øvde Ørsta brann og redning på trafikkulukke i industrivegen. Øvinga gjekk på kollisjon mellom to personbilar med påfølgande brann i ein av bilane. Fokuset for øvinga var ivaretaking av dei forulukka og eigensikkerheit, samt hurtigfrigjering av fastklemde. Fredag ettermiddag 16:00 – 18:00 øvde Ørsta brann og redning vaktlag 2 på røykdykking. Røykdykking er ei av dei farligaste oppgåvene vi har, det er derfor svært viktig at øver på dette. Fredag kveld 23:21 rykte Ørsta brann og redning ut til bålbrenning. Framme på staden kom det fram at det var et lite bål i strandsonen. Bålet framstod som forsvarleg. Laurdag 21:40 rykte Ørsta brann og redning ut til oljesøl på E39 Liadal. Brannvesenet fekk lagt ut bark/apsol for å ta opp oljen. Statens vegvesen skilta området med ‘’glatt vegbane’’ Publisert 30.04.2019 12:54