Veke 13: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – Veke 13 – 26.03.2019 – 02.04.2019


11:57 onsdag føremiddag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Hjørundfjord kyrkje. 

00:02 natt til torsdag rykte Ørsta brann og redning ut for å bistå ambulansen.

10:20 torsdag føremiddag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Svensengården. Alarmen skuldast steikos. Ingen brann.

11:10 torsdag føremiddag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Vallamarka. Alarmen skuldast steikos. Ingen brann.

16:00 – 18:00 fredag ettermiddag øvde Ørsta brann og redning lag 2 på overflateredning. Ved personar i elv, sjø eller vatn rykker brannvesenet ut for å få dei forulukka opp av vatnet. I ei elv med sterk strøm er dette ei utfordring som krev regelmessig trening.

18:29 fredag kveld fikk brannbefal beskjed om at nødnett var nede frå Urke til Lyngstøylvatnet. Brann gjennomførte sambandssjekk på VHF nett, som er backup sambandet vårt når nødnett er nede.

09:11 søndag morgon rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulukke på Rjåneset. Ein bil hadde mista kontrollen og krasja i ein lyktestolpe. Dei to i bilen vart tekne hand om av ambulansen og køyrt til sjukehuset for kontroll. 

18:28 søndag kveld rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulukke på klubben. Kollisjon mellom to bilar. Dei forulukka var teke hand om av helsepersonell. Brann to strumen på bilane og rydda skadestad medan ein venta på bilbergar.

20:02 måndag kveld rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Ørstahallen. Alarmen skuldast ein utløyst manuell melder. Ingen brann.

20:54 måndag kveld rykte Ørsta brann og redning ut til bålbrenning ved Eiksundtunnelen.
Det var fuktig i terrenget og bålbrenninga framstod som forsvarleg, men bålbrennar var bedt om å varsle 110-sentralen på deira servicenr. om dei skulle brenne fleire dagar. Til info er det frå 15. april til 15. september forbode å gjer opp eld i eller i nærleiken av skog eller anna utmark utan løyve frå kommunen. 110-sentralen sitt servicenr. 70 11 99 99.