Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Veke 1: Nytt frå brannvakta


Brann og redningsloggen - Veke 1 - 31.12.19 til 07.01.19

  • Nyttårsaftan føremiddag var brannbefalsvakta med tre brannkonstablar frå Vartdal på synfaring av raset i Årsethdalen. Synfaringa var for å få oversikt over situasjonen, i tilfelle noko meir skulle skje.
     
  • 18:33 Nyttårsaftan rykte brannvesenet ut til vatn i kjellar i Follestaddalen. Brannvesenet fekk pumpa vatnet ut.
     
  • 23.21 Nyttårsaftan rykte brannvesenet ut til brann i kleskonteiner ved Shell i Ørsta. Årsaken til brannen skal ha vore ein nyttårsrakket.
     
  • 08:45, 3. januar: Torsdag morgon rykte brannvesenet ut til brann i kaninbur. Nabo hadde oppdaga brannen og drog kaninburet vekk frå huset før brannvesenet kom på staden. Kanina var redda ut og skal vere i god behald.
     
  • 11:02, 4. januar: Fredag føremiddag rykte brannvesenet ut til bekk som hadde teke nye vegar og var på veg inn i eit hus. Brannvesenet rekvirerte gravemaskin og fekk styrt vatnet vekk frå bebyggelsen.
     
  • 21:15, 7. januar: Mandag kveld rykte brannvesenet ut på pipebrann i Ørsta sentrum.