Velle skule har laga påskequiz!

Laila Solvåg og Kristin Riise frå Velle skule

 

Vi på Velle skule har laga ein påskequiz til folket i Ørsta.
Dette er eit lavterskeltilbod med turar rundt omkring i Ørsta sentrum.

Vi ønskjer å gi noko positivt tilbake til bygda i desse koronatider, og ha eit tilbod for alle der ein stimulerar til friluftsliv og fysisk aktivitet.

Alle som vil kan delta!

Slik kan du delta:

På heimesida: paskequiz.orstaskulen.no finn ein gåter for alle dei ulike postane i Ørsta.
På postane finn dei eit ark med ei QR-kode. Scann qr-koda og du kjem rett til eit google-skjema med ulike oppgåver.

Her er det oppgåver for heile familien.

Quizen vil vere open for deltaking heile påska, og ein kan velje å ta heile på ein dag eller dele utover.

 

NB: Hugs tiltaka for smittevern!

Med at alle nyttar sin eigen telefon, unngår ein smittefare. Dette er avklart med kommuneoverlegen i Ørsta.
Ein må også hugse på å ha god avstand til andre de møter på dykkar veg! 

  • Fleire enn 5 personar skal ikkje være saman i ei gruppe
    Dette gjeld for aktivitet og opphald i parkar, på turstiar, i ballbingar og på utandørs idrettsanlegg

  • Alle må sørge for å ha 2 meters avstand til andre menneske

  • Hald fram med gode rutiner på handvask - vask hendene hyppig og grundig.

Det vert premiar

Fleire butikkar i nærområdet har støtta oss med premiar, men om fleire bedrifter har premiar dei vil støtte oss med tek vi i mot dette med stor takk! 

Trekking av premiar vil skje etter påske.

God påske!

Følg oss