Stort behov for vikarar i Ørstaskulen

skule klasserom - Klikk for stort bilete

 

Skulane i Ørsta manglar vikarar. Seksjonsleiar for skule, Kirsti Øy Driveklepp, oppmodar aktuelle lærarvikarar om å søkje.

Det vert ikkje stilt krav om særskilt utdanning i arbeid som tilkallingsvikar. Relevant utdanning frå høgskule eller universitet er eit pluss, men det viktigaste er å vere ein trygg vaksen som kan skape eit trygt miljø saman med elevane og personalet. 

Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel og vere budd på å undervise på alle trinn i grunnskulen. Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode.

Søk på stillinga: Tilkallingsvikar i Ørstaskulen skuleåret 2020/2021

Følg oss