Signerte samspelkontrakt for fyrste fase for ny sentrumsskule ved Velle skule

Ordførar Stein Aam og prosjekteringsleiar Steffen Løkling. - Klikk for stort bileteOrdførar Stein Aam og prosjekteringsleiar Steffen Løkling frå PEAB K. Nordang. Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset

 

Ordførar Stein Aam signerte i dag kontrakt med prosjektteringsleiar Steffen Løkling, distriktssjef i PEAB K. Nordang.

Kontrakta gjelder fase 1 der entreprenørane skal optimalisere skisseprosjektet som er laga i ein samspelsfase, der også brukarane vert involvert. Prosjektleiar er Frank Flusund og signeringa av totalentreprise vil skje i haust og byggestart forhåpentlegvis i januar 2023.

Ørsta kommune hadde fått inn fire tilbod, men PEAB K. Nordang var ein klar vinnar. Kommunen er godt fornøgde med arbeidet til PRK Nordang i  tidlegare prosjekt; Vartdal skule, Tømmerkaia og Sæbø barnehage og skule. Vi gleder oss med å kome i gang med å kna ferdig detaljane, kvalitet og funksjonar saman med brukar og lokale entreprenørar og arkitektar. Vi har stor tru på at dette sampelet vil lykkast da det ser ut til at prosjektet vil ligge innanfor budsjettrammene, og at det er gjort eit grundig forarbeid saman med dyktige arkitektar frå White arkitektar som har utarbeida skissene for oss.  

Assisterande kommunedirketør Eldar Øye påpeikar at: «Mange av underentreprenørane er lokale og det vil skape mykje lokal verdi og vil kome regionen til gode.»
 

Illustrasjonsskisse av skulen. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsskisse av skulen.

  

Følg oss