SFO-tilbodet i Ørsta kommune

Illustrasjonsbilde Pixabay

Ørsta kommune tilbyr SFO ved alle barneskulane i Ørsta.

Det er om lag 250 born frå 1.– 4. trinn som nyttar seg av SFO-tilbodet i dag.

På SFO er det leik og frie aktivitetar som er det viktigaste. Det er i leiken borna utviklar seg og får prøve ut ting i nye omgjevnader. På SFO får borna vere saman på tvers av klasser og grupper.

Viktige fokusområder i SFO er:

  • Leik
  • Kultur
  • Fysisk aktivitet

Etter brukarundersøkinga i oktober 2021 syner tilbakemeldingane at borna i stor grad trivst på SFO og at aktivitetsnivået er godt.

I SFO-tilbodet kan ein nytte heile plassar, deltidsplassar og korttidsplassar. I tillegg er det tilbod om SFO i feriane for dei som ynskjer det. Tilbodet er samordna på Velle skule i sentrum.

For SFO (og barnehage) finnast det moderasjonsordningar for betaling. Det betyr at prisen ein betalar kan vere lågare enn det satsane viser i tabellen under. Dette gjeld for:  

  • 25% søskenmoderasjon. Ein betalar 75% av ordinær pris dersom eit søsken allereie brukar SFO-ordninga.
  • Ingen skal betale meir enn 6% av familien si samla inntekt i SFO-utgifter.

Oversikt over type plassar med pris

Tilbod

Pris pr. månad

Heilt tilbod. Morgon og etter skuletid, 5 dagar i veka

3010,-

Delt tilbod. Morgon og etter skuletid, 3 dagar i veka

2260,-

Korttidsplass 5 dagar i veka, 9,5 mnd, morgon

1300,-

Korttidsplass 5 dagar i veka, 9,5 mnd, etter skuletid

1900,-

Kjøp av ein ekstra dag

360,- (inkl. matpengar)

Kjøp av ekstra morgon i skuleåret

155,- (inkl. matpengar)

Kjøp av ekstra ettermiddag i skuleåret

205,- (inkl. matpengar)

Følg oss