Strandryddeveka 9. - 18. september 2022

holdnorgerent.no

2022 er frivilligheitas år, og Strandryddeveka er eitt av signalarrangementa.

Barnehagar og skular i Ørsta kommune i samarbeid med Småjobbsentralen er med på aksjonen for å halde noreg reint. Bli med på strandryddeveka du òg! Meir informasjon finn du her: Strandryddeveka.

ryddenorge.no kan ein også registrere sine eigne ryddeaksjonar om ein vil dette og sjå kven andre som har planar om å rydde.



Tips frå holdnorgerent.no:

Slik blir du ein del av Strandryddeveka

  1. Planlegg kvar, når og med kven du skal rydde. Planlegg gjerne din eigen ryddeaksjon på ryddenorge.no.
  2. Tenk på handtering av avfall før du ryddar. Ta kontakt med ditt lokale avfallsselskap (VØR) eller din kommune før ryddeaksjonen. Sjå oversikt over ditt nærmaste leveringsstad for avfall i Rydde-appen eller på nettsiden ryddenorge.no.
  3. Ta med deg hansker, sekk eller pose ut og plukk søppel. Det kan for eksempel vere langs ei elv eller på ei strand.
  4. Del gjerne bilder og filmar med "Strandryddeuka" på sosiale medier!
  5. Ynskjer du råd frå erfarne ryddarar kan du kontakte ditt lokale ryddemiljø for mer informasjon: Sjå oversikt over lokale kontakter her.
  6. Har du hatt utgifter i forbindelse med rydding? Få tilbake penger ved å søke: Refusjonsordningen for marint avfall.

Følg oss