Småjobbsentralen inviterer til ryddedugnad!

Naustrekke, Barstadvik - Klikk for stort bilete Håvard Myklebust

Bli med på strandryddeveke 5.-19. september.

I høve Strandryddeveka som går frå 5.- 19. september, ønskjer Småjobbsentralen, saman med Ørsta kommune, Volda og Ørsta Reinhaldsverk og Sunnmøre Friluftsråd, å invitere skular, organisasjonar, grendelag og frivillige til ein ryddedugnad.

Grunna Covid-19 pandemien vart årets strandryddeaksjonar flytta frå våren til hausten. Hausten er minst ei like fin tid å rydde avfall som har kome på avvege etter våren og sommaren. På den måten unngår vi også å forstyrre fuglane i hekketida, samtidig som vi får rydda nærområda før vinteren bankar på døra og snøen dekkjer gamle synder.

Registrer ryddeaksjon  Sjå ryddeguiden

For hjelp til registrering av ryddeaksjonar og utlevering av ryddeutstyr, kan ein ta kontakt med Småjobbsentralen. Dei kan også hjelpe med å frakte avfall frå ryddeaksjonar til miljøstasjonen i Hovdebygda. Dersom ein ønskjer å ta del i andre ryddeaksjonar, finn ein oversikt over lokale aksjonar på Ryddeportalen.

Vi minner om at det framleis er viktig å ta omsyn til dei generelle krava om smittevern som til ei kvar tid blir gitt av styresmaktene.

Råd for ein tryggast mogleg ryddeaksjon:

  • Bruk hanskar og vask hendene grundig etter rydding
  • Hald ein meters avstand til andre som ikkje er i same hushald eller nær slekt
  • Unngå å rydde i store grupper der ein ikkje klarer å halde ein meters avstand frå kvarandre
  • Ikkje del pose eller avfallsekk med andre
  • Utnemn ein som er ansvarleg for å registrere namn og kontaktinformasjon, i tilfelle smittesporing blir naudsynt. Hugs at kontaktinformasjonen til deltakarar skal slettast etter 10 dagar.

Vi håper du blir med på dugnaden!

Kontakt

Stine Terese Vatne Riise miljøterapeut/ergoterapeut
90254673
@ Stine Terese Vatne Riise
Anneth Olinn Lianes miljøterapeut
47706737
@ Anneth Olinn Lianes
Eve Lis Eikrem spesialpedagog og kunstnar
@ Eve Lis Eikrem

Følg oss