Framande planteartar

Her ser du parkslirekne og kystbjørnekjeks Else-Mari Slåttelid Framandartar er organismar som opptrer utanfor det området dei kan spreie seg til naturleg utan hjelp frå menneske. Ein framandart som får etablere seg i nye områder er ein trussel for det stadeigne naturmangfaldet. Arten kan ta over ressursane til dei «innfødde» artane og dermed utkonkurrere dei.

Mange av planteartane ein finn i hagar og grøntanlegg er introduserte artar. Ein del av dei vart introdusert allereie på 1800-talet då dei var sett på som prydplanter. Ikkje alle er like truande for naturen, men nokre kan spreie seg veldig aggressivt. Spreiing skjer ved til dømes utsetjing, dumping av hageavfall, flytting av jordmassar, rømming eller frøspreiing frå områder der planta har etablert seg. Vegar og vassdrag er også viktige spreiings ruter. Her i  Noreg har vi ei liste over planter, dyr og andre organismar som ikkje finns naturleg i landet (Fremmedartslista 2018).

I Ørsta kommune har vi omlag 40 framande planteartar. Vi planleggjar å få kartlagt åtte av dei mest aggressive artane slik det kan utførast tiltak for nedkjemping.

Framandartane vi har fokus på å kartlegge er:

Tromsøpalme og kjempebjørnekjeks

Artane høyrer til i skjermplantefamilien Apiaceae og kan vere vanskeleg å skilje frå kvarandre. Dei utgjer ein svært høg økologisk risiko for naturmangfaldet då dei utkonkurrerer stadeigne artar med blant anna å skilje ut gift i jordsmonnet.
Plantesafta hjå begge desse plantene inneheld eit stoff (furocoumariner) som i kombinasjon med sollys kan føre til kløande eksem og væskefylde blemmer (3.grads forbrenning) på hud. 
Tromsøpalmen Heracleum persicum er fleirårig og vert 2-5m høg. Stengelen kan vere inntil 5cm tjukk og blada er finnete med spisse flikete småblad. I forhold til kjempebjørnekjeks har blada til tromsøpalmen større bladflate og litt kortare buttare tenner og ein breiare endefinne. Blada har ofte 2-3 finnar. Blomsterskjermen er krumma og er 20-50cm brei. Raudleg pigmentering er å finne hjå begge artane på stenglar og bladstilker, oftast på nedre del av stengelen. På tromsøpalmen er raudfargen jamn medan på kjempebjørnekjeks er raudfargen meir flekkete og opptrer ikkje i samanhengande flater over større stengelstykke.
Kjempebjørnekjeks Heracleum mantegazzianum er 2årig til fleirårig og vert 2-5m høg. Stengelen kan vere inntil 10cm tjukk og er ofte raudflekkete på nedre del og ved bladskafta. Blada er store og finnete med spisse flikete småblad og utdregne tenner i forhold til tromsøpalmen. Blada til kjempebjørnekjeks har ofte to par finner. Blomsterskjermen kan vere inntil 80cm brei med mange mindre sideskjermar. Planta kan ha ei stram lukt.
Plantene kan ha variasjonar i blomsterskjermar og blad, og kan dermed vere vanskeleg å artsbetsemme. Begge skal nedkjempast på same måte.
I Ørsta er det også registrert ein art til i bjørnekjeksslekta, Kystbjørnekjeks Heracleum sphondylium. Denne er ikkje oppført på Fremmedartslista 2018, men den er ganske lik artane nemnt ovanfor og har like farleg plantesaft. Kystbjørnekjeks er 0,5-2m høg og har ein slankare stengel som ofte er heilt grøn, men kan også ha innslag av raude pigment. Flikane på blada er meir avrunda og har 2-3 par finnar.

Tromsøpalme Eli Framstad, Artsdatabanken     Kjempebjørnekjeks. Eli Fremstad, Artsdatabanken     

 

 

 

 

 

 

 

Blad på tromsøpalme. Eli Fremstad, Artsdatabanken      Blad på kjempebjørnekjeks. Eli Fremstad, Artsdatabanken     

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjelder:
Sjursen, H. (2017, 18.  desember). Tromsøpalme. Plantevernleksikonet, NIBIO. https://www.plantevernleksikonet.no/l/oppslag/1341/
Sjursen, H., Fløistad, I.S. & Kaczmarek-Derda, W. (2021, 12. februar). Kjempebjørnekjeks. Plantevernleksikonet, NIBIO. https://www.plantevernleksikonet.no/l/oppslag/1340/
Fremstad, E. & Elven, R. (2006). De store bjørnekjeksartene Heracleum i Norge. (2006/Rapport botanisk – 2). https://www.trondheim.kommune.no/globalassets/10-bilder-og-filer/10-byutvikling/miljoenheten/faktaark/57---tromsopalme-og-kjempebjornekjeks.-hjelp-oss-a-bli-kvitt-dem/botrapp06-2.pdf

 

Parkslirekne, kjempeslirekne og hybridslirekne

Parkslirekne Reynoutria japonica er ei fleirårig urt i slireknefamilien Polygonaceae. Planta kan danne store bestand og fortrenger stadeigne artar ved blant anna å skilje ut kjemiske stoff i jordsmonnet som hemmar vekst av andre planter. Planta spreiar seg ved hjelp av jordstenglar og det skal ikkje meir til enn ein liten bit av jordstengelen eller stammen så etablerer ho eit nytt område. Plantene blomstrar på seinsommaren og litt utover mot hausten, då får dei klasar med små kvite blomar.
Parkslirekne vert 1-2,5m høge og har rake stenglar med rød/brun farge. Blada er grøne, stive og 10-20cm lange med ein tydeleg spiss ende. 
Kjempeslirekne Reynoutria sachalinesis er ein del større enn parkslirekna. Ho kan bli opptil 4-5m høg og har store og avlange blad som kan verte 45cm lange. Blada til kjempeslirekna er hjarteforma og har ikkje like tydeleg smal spiss som blada til parkslirekna.
Hybridslirekne Reynoutria x bohemica er vanskeleg å skilje frå kjempeslirekne. Ho kan verte 4m høg og blada vert opptil 35cm lange. Blada varierer litt i form, frå hjerteform til rett.

Parkslirekne. Foto: Eli Fremstad, Artsdatabanken    Parkslirekne under blomstring på seinsommar/haust. Foto: Eli Fremstad, Artsdatabanken    

 

 

 

 

 

Kjempeslirekne. Foto Eli Fremstad, Artsdatabanken  Hybridslirekne. Foto Anne-Kari Holm, NIBIO  

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjelder:
Fremstad, E. (2012). Parkslirekne. Artsdatabankens faktaark. http://www2.artsdatabanken.no/faktaark/Faktaark246.pdf
Fløistad, I.S. & Holm, A.K. (2020, 3. august). Parkslirekne. Plantevernleksikonet, NIBIO. https://www.plantevernleksikonet.no/l/oppslag/1627/
Fløistad, I.S. & Holm, A.K. (2021, 28. februar). Kjempeslirekne. Plantevernleksikonet, NIBIO. https://www.plantevernleksikonet.no/l/oppslag/1770/
Fløistad, I.S. & Holm, A.K. (2020, 3. august). Hybridslirekne. Plantevernleksikonet, NIBIO. https://www.plantevernleksikonet.no/l/oppslag/1769/
 

Kjempespringfrø

Kjempespringfrø Impatiens glandulifera er ei eittårig plante som berre spreiar seg ved hjelp av frø, men ei enkelt plante kan produsere 4000 frø som vert spreidd i ein omkrins på opptil 6m. Planta vert 0,7-2m høg og har grøne blad med små taggar rundt bladkanten. Blomsten er rosa men kan også vere raudleg eller kvit.

Blomen på kjempespringfrø. Foto: Else-Mari Slåttelid. Blomen på kjempespringfrø. Foto: Else-Mari Slåttelid. 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjelder:
Fløistad, I.S. & Kaczmarek-Derda, W. (2021, 15. februar). Kjempespringfrø. Plantevernleksikonet, NIBIO. https://www.plantevernleksikonet.no/l/oppslag/1621/
 

Legepestrot

Legepestrot Petasites hybridus og japanpestrot Petasites japonicus er fleirårige urter i kurvplantefamilien Asteraceae. Utan å sjå blomen til kan det vere vanskeleg å skilje artane frå kvarandre. Plantene spreiar seg vegetativt med eit kraftig system av jordstenglar, og når lausrivne plantedelar får etablere seg i nye områder. Planta blomstrar tidleg på våren og utviklar store blader når blomstringa er over. Blada på legepestrot er opptil 70cm breie og planta vert 0,5-1m høge. På japanpestrot er blada opptil 1m breie og planta vert rundt 1m høg. Dei dannar eit tett bladdekke som gjer det vanskeleg å overleve for andre artar i området.

Legepestrot. Foto Åsmund Asdal, NIBIO. Japanpestrot. Foto Eli Fremstad, Artsdatabanken. 

 

 

 

 

 

Blomen til legepestrot tidleg på våren. Foto Eli Fremstad, Artsdatabanken. Blomen til japanpestrot. Foto: Eli Fremstad, Artsdatabanken. 

 

 

 

 

 

 

 

Kjelder: 
Artsdatabanken. (2007). Legepestrot Petasites hybridus. Artsdatabanken. https://www.artsdatabanken.no/FremmedArt2007/2870
Fremstad, E. (2008). Fremmede planter i Trondheim. En utredning. (NTNU Rapport botanisk serie 2008-3) (side 21). https://www.ntnu.no/c/document_library/get_file?uuid=e7fd7daf-068e-4f60-bcf7-475175dad39f&groupId=10476
Fremstad, E. (2012). Japanpestrot. Artsdatabankens faktaark. http://www2.artsdatabanken.no/faktaark/Faktaark248.pdf
 

Fagerfredløs

Fagerfredløs Lysimachia punctata er ei fleirårig plante som veks seg 30-100cm høg. Stengelen er utan greiner og har gule blomster i øvre del. Blada er slanke og spisse, og står to og to i ein krans rundt stengelen. Denne arten har vore ei vanleg prydplante i hagar sidan slutten av 1800-talet, men i dag er planta å sjå nesten overalt. Ho spreiar seg ved frøspreiing, rømming frå hagar og flytting av jordmasser som inneheld jordstenglar. Denne planta etablerer tette bestand som fortrenger anna vegetasjon.

Blomar på fagerfredløs. Foto: Else-Mari Slåttelid. Fagerfredløs. Foto Else-Mari Slåttelid.  

 

 

 

 

 

 

 

 

Kjelder:
Elven, R., Hegre, H., Solstad, H., Pedersen, P.A., Åsen, P.A. & Vandvik, V. (2018, 5. juni). Lysimachia punctata, vurdering av økologisk risiko. Fremmedartslista 2018. Artsdatabanken. Henta (2021, 10. august) frå https://artsdatabanken.no/Fremmedarter/2018/N/1512
 

Kva kan du gjere ?
  • Gjer deg kjend med kva artar som er framande nasjonalt ved å søke i Fremmedartslista (https://www.artsdatabanken.no/fremmedartslista2018).
  • Om du har framande artar i din hage må du passe på at desse ikkje spreiar seg frå eigedomen din. Om dette ikkje er mogleg bør du vurdere å erstatte  planten med ein annan.
  • Spreiing frå privat eigedom er ditt ansvar. Om du har ein art som spreiar seg med røter kan denne til dømes plantast i eit kar som gjer at spreiing ikkje er mogleg. Artar med frøspreiing er vanskeleg å kontrollere og bør bli vurdert erstatta.
  • Ikkje kjøp framande artar til hagen din frå hagesenter, og ikkje overfør slike artar frå ein anna stad og inn i eigen hage. Sjølv om nokre av dei er fine, og sjølv om du ikkje ser at dei utgjer eit stort problem lokalt, så er dei eit problem ein annan stad og kan fort verte eit problem nær deg. På hagesentera er dei forplikta til å informere om ei plante du ønskjer å kjøpe er ein framand art. Dei skal også kunne foreslå alternativ. Sjå denne lenkja for kva planter som er anbefalt frå Naturvernforbundet som erstatning for framande artar: Bli kvitt bøllefrø og pøbelplanter
  • Ikkje ta med planter frå utlandet. Det er i hovudsak forbode. Desse kan opptre aggressivt i vår natur og mangle naturlege fiendar. Innførsel kan spreie både plantearten, jordorganismar og sjukdom som følgjer jord og planta. Du kan lese meir om regelverket på https://www.miljodirektoratet.no/ansvarsomrader/arter-naturtyper/fremmede-arter/
  • Har du god kjennskap til planter og øskjer å bidra? Om du finn framande artar i naturen kan du registrere desse i www.artsobservasjoner.no
  • Har du problem med ein framandart er det mykje god informasjon på internett.
  • Det er viktig at du ikkje kastar hageavfall utanfor eigen eigedom utan løyve frå grunneigar. Avfall som inneheld framande artar må kastast i kompost på din eigedom eller i lukka pose på avfallsmottak der avfallet vert brent. Det skal ikkje dumpast som vanleg hageavfall på avfallsmottaket.
     

Vi ønskjer tips om lokaliteter der dei artane vi har fokus på har etablert seg. Tips kan sendast på e-mail postmottak@orsta.kommune.no, helst med eit bilete av planta du har funne, og eit kartutsnitt med markering av lokaliteten. Kart finn ein på Ørsta kommune sine sider eller https://www.kommunekart.com/.

Følg oss