Næringsprisen 2020 - send inn forslag!Vinnar av Næringsprisen 2019: Staurset AS Ørsta formannskap delar ut næringsprisen kvart år. I år er fristen for å sende inn framlegg 2. november 2020. Formålet med prisen er å gi honnør til ein enkeltperson, bedrift eller organisasjon som i siste året har gjort ein ekstra innsats for å fremje næringslivet i Ørsta, m.a. ved etablering av nye arbeidsplassar eller sikring av eksisterande verksemd, og som kan tene som førebilete for næringslivet. Framlegg til kandidatar kan kome frå einskildpersonar, bedrifter eller organisasjonar. Framlegg skal vere skriftleg og helst med grunngjeving. Statuttane for næringsprisen Tidlegare vinnarar Frist for innsending: 2. november 2020. Send framlegg til postmottak@orsta.kommune.no eller Ørsta kommune Dalevegen 6 6153 Ørsta Publisert 30.09.2020 11:18